Denne veka har Nasjonalbiblioteket eit arrangement som vi tenkte kanskje kunne vere av interesse for medlemmane dykkar.

Kvar månad arrangerer Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket ein wikiverkstad, der folk kan møte opp med eigen PC og skrive på lokalhistoriewiki.no saman. Administratorane er til stades for å svare på spørsmål og vere til hjelp. Desse møta vil no bli gjennomførte som webinar. Tilsette ved NLI vil ta imot spørsmål via chat, og gå igjennom ulike element ved nettbasert historieskriving. Dei to neste webinara blir gjennomførte torsdag 14. mai og torsdag 11. juni.

Nasjonalbiblioteket har for vane å strøyme arrangement direkte på nb.no, men no som lokala våre er stengde og dei fleste sit heime, har vi gått over til å gjennomføre alle arrangementa våre digitalt. De vil kunne strøyme alle foredraga og samtalane våre på nb.no, og på facebook. 

Dersom det er av interesse, kan de finne meir informasjon på facebook- og heimesidene våre. Eg legg også ved informasjon om neste webinar nedst i mailen – det er berre å sende vidare eller tipse andre de trur kan vere interesserte.

Når vi ikkje kan samlast til wikiverkstad, lagar vi i staden eit kurs i lokalhistoriewiki som webinar. Vi går gjennom blant anna registrering, redigering og opplasting av bilete. Vi tek imot spørsmål på chat undervegs, så dette er eit godt høve til å lære meirom korleis ein kan bidra på wikien.

Video blir lagt ut her kl. 14.00, følg med!